Absalon Pederssøn Beyer

500 år siden hans fødsel 1528-2028

Slektshistorisk fortalt

» Vis alle     «Forrige «1 ... 2 3 4 5 6 7 Neste»     » Lysbildefremvisning

Reinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,

Laster...

Media TitleReinhold Witman, kjend som Witman Thomasson Rein, f. i Eid kring 1694,
Media NotesWitman Rein flytte i ung alder til Bergen der han kring 1717 gifte seg med Anna Margretha, kjend som Margretha Pedersdotter Lemmichen frå Os i Eid. Ho var dotter av gardbrukar og handels-mann Peder Hansson Lemmichen på Os og kona Malena Christophersdotter Sand frå Sand i Trøg-stad og f. i Eid kring 1686. Witman var handelsmann, og han og Margretha budde i Bergen. Witman vart gravlagd i Bergen 23.3.1731, og Margretha gifte seg att i Bergen 13.11.1737 med Peder Friderichsen (Lund) frå Bergen. Han var visstnok son av ein Fredrik Monsson i Bergen og kona Ragnhild Olsdotter og vart døypt i Bergen 10.3.1706. Han tok 26.2.1737 borgarskap som skreddar-meistar i Bergen. Dei budde på Klosteret i Nykyrkjesokni i Bergen, og derifrå vart Peder gravlagd 14.7.1742. Margretha vart gravlagd frå Stanges fattighus i Bergen 26.3.1763. Ho fekk to søner som båe var frå første ekteskapet med Witman Rein:

a. Thomas Witmanson Rein (1719-1755), flytte attende til Hafslo og vart gjestgjevar i Leirhola (s.d.).

b. Peder Witmanson Rein, døypt i Bergen 20.12.1722, er nemnd som faddar i Bergen 1745, men den seinare lagnaden hans er førebels ukjend.

https://forum.arkivverket.no/topic/210655-sf-eid-hans-pederson-hansson-lemmichen-kapellan-p%C3%A5-1600-talet-oversyn-over-hans-etterslekt/?tab=comments#comment-1771797
Eier av original/KildeLars E. Øyane
Dato12 Mai 2017
Filnavncr.jpg
Filstørrelse6.22k
Dimensjoner100 x 100
Linket tilAnna Margaretha Pedersdotter Lemmichen; Peder Wittmanson Rein; Thomas Wittmanson Rein; Wittman Thomasson Rein

» Vis alle     «Forrige «1 ... 2 3 4 5 6 7 Neste»     » Lysbildefremvisning