Notater |
- 34 Jakob Knutsson Hidle, (nr. 33) f. 1696, d. 1755. Tredje kona heitte Synneva Pedersdtr. øvra Grindheim (nr. 48), f. ikr. 1702. Dei to første konene er ukjende, og var barnlause.
Born med Synneva: a. Peder, f. 1727, g. Økland (nr. 66). b. Guri, f. 1729, g. Børøy (nr. 12). c. Knut, f. 1732, g. Hidle (nr. 35). d. Lars, f. 1734, d. 1753, 18 år gl. Han fekk ein son, Lars, f. 1754, d. 1764, etter at han var død, med ei Klara Ingebriktsdtr. e. Guro, f. 1737, d. 1738. f. Nils, f. 1744, g. Nese, nedre (nr. 31). g. Brita, f. ikr. 1741, g. Nese, nedre (nr. 72).
Jakob var brukar etter faren i 1723, og hadde bruket til han døydde. Etterpå var ekkja brukar til 1758.
I 1745 vart Jakob stemnd av futen fordi han skulle ha «fordulgt» noko rak. Jakob fortalde at han hadde funne raket, som var ei utliggjarmaster, og slept henne inn til Ølvesøyane, 8 dager før jul. Han la mastra på land avdi han hadde hogd seg i tommelfingen, og mastra vart liggjande der. Saka vart utsett og kom ikkje opp seinare.
Jakob var lagrettemann. I buet etter han var m.a. 4 kyr, 1 kvige, 1 stut, 3 kalvar, 1 merr og 4 småler. 1 kvern. Bruttoeiga var 68 rdl. 3 mrk. og 13 skill. Netto. 54 rdl. 2 mrk. 6 skill. [1]
|